Fjord kommune har ledig stilling som pedagogisk leiar i Syltebøen barnehage frå 1. november 2026.
Syltebøen barnehage har to avdelingar for barn i aldersgruppa 1 til 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år. Vi har eit godt arbeidsmiljø, ei godt utdanna personalgruppe og god fagleg utvikling.
Barnehagen ligg sentralt til i Valldal med tilgang til eige uteområde og fine naturleikeplassar i nærområdet. Idrettshall og bibliotek ,som blir aktivt brukt, ligg like ved barnehagen.
Samarbeid med open omsorg i nabobygget, gjer at vi blant anna har tilgang på drivhus og høner på tunet.
Vi er opptekne av at barn, ved hjelp av gode vaksne, skal oppleve vennskap, samhald og respekt i eit trygt, godt og lærande barnehagemiljø.
Søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
• Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på avdelingane med godt fagleg skjønn, i tråd med barnehagelov og rammeplan
• Planlegge, vurdere og dokumentere det pedagogiske arbeidet.
• Skape ein barnehagedag med rom for fordjuping i utviklingsarbeid
• Medansvar i arbeidet med HMS
• Gi pedagogisk rettleiing
• Legge til rette for eit godt foreldresamarbeid
• Ansvar for arbeid med planar for barn som har vedtak etter §§ 31 og 37 i barnehagelova
Kvalifikasjonar
• Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årstudium i barnehagepedagogikk
• Barne- og ungdomsarbeidar eller andre som er under utdanning til å bli barnehagelærar har og høve til å søkje.
• God datakunnskap
• Erfaring frå arbeid med ASK er ønskeleg
• Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
• Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
• Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
• Du har erfaring frå fagområdet, arbeider målretta og engasjere andre.
• Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
• Du har positiv innstilling og godt humør
• Du har god digital kompetanse
• Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie
Vi tilbyr
• Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
• Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK.
• Lønn i samsvar med avtaleverk, men du er garantert ei årslønn lik 10 års ansiennitet (kr 596 600) om utdanninga er ferdig
• Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot
Kontaktinformasjon
Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, +47 41867881
Arbeidsstad
Olavsgata 20
6210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune
Referansenr.: 5198522450
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2026