Vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å dokumentere kompetansen til framtidas fagarbeidarar?
Vi søker ein vikar til laget vårt på opplæring i bedrift. Hos oss får du ei viktig administrativ rolle der du er med på å sikre at ungdom og vaksne får dokumentasjonen dei har krav på etter fullført fagopplæring. Du blir ein del av eit fagmiljø med meiningsfulle oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag.
Arbeidsoppgåver
I hovedsak vil dine oppgåver vere knytt til administrativ behandling og utferding av dokumentasjon etter gjennomført fagopplæring.
Du vil blant anna jobbe med:
• saksbehandle protokollar etter fagprøve
• produsere vitnemål og kompetansebevis
• bestille trykking av fagbrev
• registreringar i høve godkjenning av nye lærebedrifter
• registreringar i høve søknad til læreplass
Andre oppgåver kan bli tillagt avhenging av kvalifikasjonar og behov
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
• relevant utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet, men du vil da få tittelen konsulent.
• gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• god digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye system
Det er ein fordel om du også har:
• kjennskap til skoleadministrative system, som Vigo og Visma InSchool
• kjennskap til vidaregåande opplæring, særleg fagopplæring
• erfaring med saksbehandling i offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast i stillinga trur vi at du:
• er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
• trivst med administrative oppgåver og rutinearbeid
• klarer å arbeide effektivt, også når det er fleire saker som skal behandlast
• liker å samarbeide med andre og er imøtekommande
Vi tilbyr
Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda.
Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.
Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.
Eit vikariat fram til 31. januar 2028, med moglegheit for forlenging.
Kontorstad i Molde
Kontaktinformasjon
Målfrid Nesje, Seksjonsleiar opplæring i bedrift , 90640200, malfrid.nesje@mrfylke.no
Hilde Aspås, Næringssjef, 97715135, hilde.aspaas@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 9
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5182353289
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.11.2026
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.