Alle jobber › Helse › Bergen

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Helse Bergen HF · Bergen, Norway

💰 ca. 580 000–800 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Heltidvia NAVFrist 14.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.  Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane: • ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering, Post 1, Post 2 • Nevroklinikken, Nevrologisk akuttpost • Mottaksklinikken, Akuttmottak • Klinikk for hovud/hals, Avdeling Hovud-Hals og Auge • Kirurgisk klinikk • Lungeavdelinga • Yrkesmedisinsk avdeling Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Arbeidsoppgåver Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.  Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425. Nevrokirugisk akuttposter ein stor sengepost med 30 senger. Vi behandlar pasientar med sjukdom i nervesystemet. Våre vanlegaste diagnosar er hjerneslag, epilepsi, parkinson, prolaps, hjernesvulst og diverse betennelsestilstandar i nervesystemet. Vi tar imot over 90% akutthjelp, og jobbar tverrfagleg for å kunne gi eit best mogleg tilbod til pasientane våre. Hos oss får du spennande, imteressante, utfordrande og lærerike dagar. Kontakt: Laila Kvalvåg 55975041/55975030. Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse. Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926. Kvalifikasjonar (overskrift) Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledig 100 % stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi kan tilby ein spennande, variert og lærerik kvardag og godt arbeidsmiljø. Sengeposten har 27 senger innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor gruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av faglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø og det blir planlagd ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Sjekk "hovud/hals/auge" på Helse Bergens Instagram side. Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509. Avdeling Hovud-Hals og Auge har også ledig kombistilling, stillinga er kombinert med Øyre/Nase/Hals poliklinikk (55/45%). Hovud-Hals og Auge avdeling har døgndrift med 27 senger og inneliggande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og stråle-behandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt arbeidsmiljø, trivsel og teamarbeid i avdelinga. Øyre/Nase/Hals poliklinikk har stor aktivitet og fungerer som akuttmottak for Øyre/Nase/Hals pasientar på dagtid. Poliklinikken utfører utredning, behandling og kontroll av pasienter i  godt samarbeid med leger, og det utføres selvstendige sykepleiekonsultasjoner. Det er stor variasjon av arbeidsoppgåver i poliklinikken. Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamarbeid med trivsel i poliklinikken. Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509. Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med interesse for kirurgiske fag. Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, variert pasientforløp og gode utviklings-moglegheiter? Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø. Klinikken har 5 sengepostar, 4 poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost. Hos oss har vi 3 delt turnus med moglegheit for langvaktar. Undervegs i prosessen kan det bli ledig stilling ved andre avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse. Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar?  Kontakt: Stine Steen Nøttveit, tlf. 98877954. Lungeavdelinga Vil du bli ein del av eit spennande og engasjert fagmiljø ved ei av Noregs største lungeavdelingar? Vi søker engasjerte sjukepleiarar som ønsker ein variert og lærerik arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø med høg spesialkompetanse.  Lungepost 1 har totalt 16 sengeplassar fordelte på to team: Respiratorisk overvakingseining (ROE) med 8 sengeplassar og 8 lungemedisinske sengepostplassar. ROE er ei spesialisert eining for utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Eininga har særleg kompetanse innan respiratorbehandling, trakeostomi og respiratoravvenning, og samarbeider tett med dei medisinske og kirurgiske intensiv- og overvakingseiningane ved sjukehuset. Det lungemedisinske teamet behandlar i hovudsak pasientar med KOLS, astma og ulike infeksjonssjukdommar. Hos oss får du ein variert og fagleg utfordrande

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no