Alle jobber › Helse › Sykkylven

Vil du bli vår nye sjukepleiar ?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune · Sykkylven, Norway

💰 ca. 580 000–800 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Heltidvia NAVFrist 7.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar? Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver? Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) sone 2, søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling.  Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det. Ved å velje BUAS får du: 💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre. 💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov 💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling 💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling 💙 Dyktige og engasjerte  kollegaer i eit godt arbeidsmiljø Bli ein del av laget vårt! 💙 Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje.   Tilsetting kan skje fortløpande. Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette behov • Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon • Medikamenthandtering og ulike behandlingstiltak • Rehabilitering og palliativ omsorg • Samhandling med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre tenester • Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer Personlege eigenskapar • Vere strukturert og løysingsorientert • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre • Evne til å halde seg fagleg oppdatert • Vise fagleg engasjement • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting Vi tilbyr • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø   • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP  • Rekrutteringstillegg til nytilsette • Gratis parkering   Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Kontaktinformasjon Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no Wenche Oldeide, Einingsleiar BUAS, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no Arbeidsstad Haugneset 16 6230 SYKKYLVEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5193009184 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no