Kjøkkentenesta har kjøkken på alle omsorgssentera i Sunnfjord kommune. Vi produserer mat til bebuarar på omsorgssenteret, til heimebuande, samt leverer varm mat alle dagar i året.
Har du fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget, og ønsker å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for brukarane våre?
Vi har ledig følgande stilling:
• 60 % fast stilling som kokk, for tida ved Skei omsorgssenter
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg og har arbeid på dagtid.
Kvalifikasjonar:
• fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget
• kunnskap om IK-mat og HACCP
• gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Har du erfaring frå storkjøkken, men manglar fagbrev, er du også velkomen til å søke. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
• produksjon og tilrettelegging av måltid
• sikre god kvalitet og arbeide etter gjeldande krav innan IK-Mat og HACCP
• samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
• bidra til utvikling av gode mat- og ernæringstenester
Vi legg vekt på at du:
• er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• har interesse for å yte gode tenester til brukarane våre
• er strukturert og tek ansvar i det daglege arbeidet
Vi tilbyr:
• eit triveleg og fagleg engasjert arbeidsmiljø
• varierte arbeidsoppgåver
• moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas mat- og ernæringstenester
Vi ønsker medarbeidarar som ser verdien av mat og ernæring som ein viktig del av helse, trivsel og omsorg.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.