Dei kommunale barnehagane i Ålesund treng fleire vikarar og vi søkjer derfor etter assistentar og fagarbeidarar. Vikarane i denne utlysninga vil bli knytt til bemanningstenesta i Ålesund Indre og nordre.
Barnehagane i denne verksemda er Valle, Prestemarka, Skodje, Stette, Årøyhaugen og Harøy
Du som vikar kan velje å arbeide mot ein eller fleire barnehagar etter avtale. Kandidatar vil bli vurdert fortløpande. Eiga utlysing gjeld for Harøy barnehage
Arbeidsoppgåver
• Bidra til at det enkelte barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
• Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn
• Delta i daglege rutinar og følgje opp barna på ein positiv måte
• Samarbeide med det øvrige personalet i barnehagen
• Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
• Følgje opp den rettleiinga ein har fått
• Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
Kvalifikasjonar
• Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi – og tuberkulinattest
• Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Søkarar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må avleggje ei norskprøve og ha oppnådd nivå A2 på delprøva i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.
• Nivå A2 og B1 skal tilsvare nivå i Det felles europeiske rammeverket for språk jf. barnehagelova §18 a.
• Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
• Har eit ønske om å arbeide med barn.
• Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
• Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
• Trives i ein aktiv kvardag
• Er glad i å vere ute
• Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
• Personlige egenskaper vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
• Givende arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø.
• Mulighet til å prøve å arbeide i ulike barnehager.
• Tilgang til kurs og kompetansehevende tiltak.
• Lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Janne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569
Arbeidsstad
Vallemyrane 3
6260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5197507870
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.03.2027
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.
Denne stillingen er ikke lenger ute. Den kan være besatt eller utløpt. Se ledige jobber