Alle jobber › Salg › Sandane

Reinhaldar - vikariat

Eigedomsavdelinga, Gloppen kommune · Sandane, Norway

💰 ca. 420 000–470 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Kontraktvia NAVFrist 14.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Vil du jobbe med reinhald i eigedomsavdelinga? Vi har ledig vikariat som reinhaldar med arbeidsstad Hyen. Arbeidsoppgåver Eigedomsavdelinga har reinhaldsoppgåver på kommunale bygg i heile kommunen.  Arbeidstida må tilpassast drifta på arbeidsstaden, men vil i all hovudsak føregå på ordinær arbeidstid (dagtid) Kvalifikasjonar • Vi søkjer etter ein medarbeidar med kjennskap til moderne reinhald. • Det er ønskjeleg med praksis frå arbeid som reinhaldar, men du kan også søkje om du ikkje har erfaring. • Det er ein fordel om du har førarkort for personbil. Personlege eigenskapar • Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til samarbeid og kan jobbe både sjølvstendig og i team. • I tillegg vil vi legge vekt på at du er positiv og servicevennleg. • Vi ønskjer at du kommuniserer godt både skriftleg og muntleg på norsk. Vi tilbyr • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. • Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Kontaktinformasjon Hans Petter Almenning Eldevik, Tenesteleiar eigedomsavdelinga, +47 90791986 Randi Liaset, Driftsleiar reinhald, 406 99 374 Arbeidsstad Grandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5198540440 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 15.02.2027 Sluttdato: 14.01.2028 Søknadsfrist: 15.11.2026

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no