Alle jobber › Helse › Vossestrand

Helsefagarbeidar natt

Voss herad Område nord · Vossestrand, Norway

💰 ca. 520 000–590 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Kontraktvia NAVFrist 5.12.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats. Om avdelinga: Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum.  Det er 25 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning i institusjonen  Fylgjande er ledig:  • 90% vikariat for helsefag/hjelpepleiar på natt,  3. kvar helg pluss 3 hinkehelger. Vernepleiar og sjukepleiar og studentar som er ferdig utdanna våret 2027 kan og søkje. Stillinga er ledig og ein tilset fortløpande.  Arbeidsoppgåver: • Heilheitleg pleie og omsorg  • Helsefaglege oppgåver  • Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon  • Primærkontaktoppgåve  Kvalifikasjonar: • Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar - gjerne erfaring frå nattarbeid i sjukeheim  • Vernepleiar • Sjukepleiar • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Me ynskjer: • Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen • Ein ny god kollega Me tilbyr: • Gode vilkår for fagleg utvikling • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Gode pensjonsordningar • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår • Rekrutteringstillegg for sjukepleiar på 20-25.000kr i året  Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no