Alle jobber › Undervisning › Sunnfjord

Barnehagane i Sunnfjord har ledige stillingar

Sunnfjord kommune Bygstad barnehage · Sunnfjord, Norway

💰 ca. 520 000–680 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Kontraktvia NAVFrist 11.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre? Sunnfjord kommune har ledige stillingar som pedagogar.  Vi søkjer engasjerte og tydelege pedagogar til mellombelse stillingar i barnehagane våre. Som pedagog får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø. Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar:   Bygstad barnehage: • 100 % stilling som pedagogisk leiar, vikariat i perioden 01.01.2027 - 15.08.2027 For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 970 53 654, eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no    Skei barnehage  • 100 % stilling som pedagog ,vikariat i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027 (20 % som pedagogisk leiar og 80 % som barnehagelærar) For meir opplysningar, ta kontakt med konstituert einingsleiar Anne-Sofie Fonn Nilsen. tlf. 994 85 240, eller på e-post anne-sofie.fonn.nilsen@sunnfjord.kommune.no   Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk.   Barnehagane kan tilby deg: • god oppfølging av nytilsette • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon • tillegg som pedagogisk leiar • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning • gode pensjons- og forsikringsordningar Kvalifikasjonar: • du er utdanna som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar • du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn • du har gode evner til å leie barn og vaksne • du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid • du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling • beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg Søkar må søkar legge fram gyldig politiattest utan merknad før tilsetting. Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar! For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside.  Du søker elektronisk. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no