Alle jobber › Helse › Valldal

Medarbeidar - helse og skule

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune · Valldal, Norway

💰 ca. 520 000–680 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Heltidvia NAVFrist 14.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 14 år. Arbeidsstad er Stordal. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare ilag med miljøterapeut. Delar av stillinga blir i habiliteringstenesta. Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person? Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss. Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon! Oppstart: Snarast Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen. Stillinga inneber ingen arbeid på helg.Kvalifikasjonar • Beherske godt norsk skriftleg og munnleg • Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne - gjerne helsefagleg bakgrunn • Politiattest av ny dato blir krevd framlagt • Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga • Bilsertifikat klasse B Personlege eigenskapar • Personlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt • Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar • Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig • Er serviceinnstilt Vi tilbyr • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette • God opplæring • God pensjonsordningi KLP • Løn etter gjeldande avtaleverk • Tilsett som Assistent/Pleiemedarbeidar om ikkje anna vert avklart Kontaktinformasjon Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990 Arbeidsstad Stordalsvegen 669 6250 Stordal Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune Referansenr.: 5201842473 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no