Stillingsinformasjon
• 100% vikariat som aktivitør/miljøarbeidar frå d.d. til 31.01.2028. Arbeid på dagtid måndag til fredag.
Arbeidsoppgåver
• Miljøarbeidar har eit hovudansvar for planlegging, gjennomføring og utvikling av aktivitetstilboda. Under dette ligg ansvar for daglege varierte fellesaktivitetar på aktivitetsstova (song, musikk, baking, underhaldning mm.) og/eller individtilpassa aktivitetar for den einskilde bebuar
• Det kan bli tillagt andre oppgåver utifrå bebuarane sine behov, t.d. aktivitetar på ettermiddag/kveld.
Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning og/eller praksis
• Meistre norsk tilfredsstillande, både skriftleg og munnleg
• Personlege eigenskapar vert vektlagde
Me legg vekt på
• Fleksibilitet og evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar
• Gode kommunikasjonsevner
• Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert
• Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby
• Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
• Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
• Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
• Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
• Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
• Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.