Alle jobber › Undervisning › Bergen

Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Universitetet i Bergen · Bergen, Norway

💰 ca. 640 000–820 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Kontraktvia NAVFrist 28.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling  Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei postdoktorstilling med fokus på korleis generativ kunstig intelligens påverkar juridisk utdanning. Stillinga er knytt til forskingssenteret AI LEARN koordinert av det Det psykologiske fakultet, med Det juridiske fakultet som partnar. AI LEARN er eit av seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens finansiert av Noregs forskingsråd. Stillinga er for ein periode på 3 år med moglegheit for utviding inntil eit år. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Om AI LEARN AI LEARN er eit nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek senteret for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Målet er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og  privat sektor. Om postdoktorprosjektet  Utviklinga innan generativ kunstig intelligens reiser grunnleggjande spørsmål om kva som vil vere relevant juridisk kompetanse i framtida, og kva konsekvensar dette bør få for innhaldet i og forma på jussutdanninga. Utviklinga aktualiserer òg eit behov for kunnskap om korleis jusstudentane sin bruk av generativ kunstig intelligens i lærings- og vurderingssituasjonar påverkar tilnærminga deira til eigen læring og juridisk problemløysing. Postdoktorprosjektet skal bidra til å utvikle kunnskap på desse temaa, med særleg vekt på kva handlingsrom dei rettslege rammene for høgre utdanning gjev for god pedagogisk praksis i møte med generativ kunstig intelligens. Stillinga er knytt til klynga styring, etikk & regulering («Governance, Ethics & Regulation») som er leia av professor Malgorzata Cyndecka ved Det juridiske fakultet.  Arbeidsoppgåver  • Arbeide med vitskapeleg arbeid som hovud- eller medforfattar som skal resultere i minimum 4 fagfellevurderte publikasjonar. • Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaer. • Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med leiaren av klynga og dei andre prosjektmedlemane i senteret. • Delta aktivt som medlem av og bidragsytar til Forskargruppa for informasjons- og innovasjonsrett og til forskingssenteret AI LEARN, og bidra til eit godt fagmiljø ved fakultetet. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Du må ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. • Du må ha doktorgrad i rettsvitskap. Det er ein føresetnad at du har levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Doktorgraden må vere oppnådd før tilsetjing kan skje. • Det er ein fordel å ha forskarerfaring knytt til juss, pedagogikk og KI. • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til fagleg utvikling. • Du må ha kunnskapar på høgt nivå i både engelsk og norsk, så vel munnleg som skriftleg.   Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju. Om postdoktorstillinga Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB  Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Vi tilbyr • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø • Løn som postdoktor (kode 1352 ) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årslønn på kr. 728 000 – 800 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. • Medlemskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla i forskingsprosjektet.  • CV (fyllast ut i søknadsportalen). • Ei prosjektomtale (minimum 7 sider og maksimum 10 inkludert referansar) som inneheld ei beskriving av postdoktor-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, samt ein plan for gjennomføringa av prosjektet og ei vurdering av risiko du ser ved det planlagde prosjektet og korleis denne er tenkt handtert.  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål. • Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste). • Full versjon av doktoravhandlinga og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no