Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?
Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.
Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.
Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell?
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
• Natt-teneste på døgnpost.
• Gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
• Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
• Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg
Hos oss er det viktig at du:
• er robust, tilpasningsdyktig og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik
• samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og trivst i tverrfaglege team
• er initiativrik, engasjert og møter pasientar med respekt
• bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• etterspør rettleiing når det er behov for det
• er lojal i forhold til avgjerder
For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje
Vi tilbyr
• Triveleg arbeidsmiljø.
• Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.
• Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset.
• Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO.
Kontaktinformasjon
Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder , +47 53466473
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 26
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5198975193
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.