Alle jobber › Helse › Nordfjordeid

Vaken nattevakt, vikariat 

Bufetat · Nordfjordeid, Norway

💰 ca. 430 000–520 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Kontraktvia NAVFrist 14.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Om stillinga og arbeidsstaden Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, har ledig følgjande vikariat som miljøterapeut: • Vikariat natt i 93 % stilling med for tida arbeidshelg kvar 3.helg. Stillinga inneber møtevakter og arbeid på andre tidspunkt for å bli kjent med ungdomar utenom natt.  Å jobbe nattevakt handlar om mykje meir enn å passe på medan andre søv. Du bidreg til å skape ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag for ungdomar som treng gode vaksne rundt seg. Gjennom ro, tryggleik og fagleg tilstadesvering er nattevakta ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Dei som jobbar natt er ikkje berre til stade når huset søv, men er ein viktig del av heilskapen rundt ungdommen og bidreg til omsorg, utvikling og tryggleik i kvardagen. I noverande turnus har vi tre tilsette på dagtid, fire tilsette på kveld og to vakne nattevakter.  Vikariatet er ledig pr no, og strekker seg ut 2027 - med moglegheit for forlenging, inntil tre år.   Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Meltunet tek imot barn og unge etter barnevernloven §3-2 og 5-1. Bregnetunet tar i mot på § 6-1 og 6-2.   Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøterapeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm.   Heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter https://www.bufdir.no/barnevern/finn institusjon/sogn-og-fjordane-ungdomssenter/   Stilling som miljøterapeut inneber ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeider sjølvstendig og i team saman med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar. Dei deltek og har ansvar for møte som omhandlar ungdomane, overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. Dei vert oppmoda til å delta i fagmøter og rettleiing. Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.  Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsamansetninga oppmodast menn til å søkje. Arbeidsoppgåver Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ta vare på ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal møte ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid som byggjer på grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg.  Vi legg vekt på å gje ungdomane ferdigheiter som kan bidra til positive endringar i livet deira. Vi ynskjer å hjelpe ungdomane med å etablere og ta vare på gode relasjonar, regulere tankar og kjensler på ein måte som styrkjer sjølvkjensla, og å ta gode val for seg sjølve.  Hjå oss arbeidar ein for å motivera og engasjera ungdom i endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss. • Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via interne fagsystem. I tillegg vil du ha ansvar for praktiske oppgåver og rutinar knytt til avdelinga, mellom anna gardsdrifta. Du skal og delta i overlapping ved vaktskifte. • Praktiske og fysisk krevjande arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen. Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid både for oss sjølv som tilsette og i arbeidet med ungdomane. Vi samarbeidar tett med ungdomen, foreldra deira, nettverket, kommunane, skulane og helsetenestene (BUP). Kva bakgrunn har du? • Det vert i utgangspunktet kravd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 studiepoeng relevant vidareutdanning.  • Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan òg vurderast. • For alle søkjarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.   • Det vert lagt vekt på erfaring innan barnevernsinstitusjon, kjennskap til systema i Bufetat.  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.  • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernslova og barnevernet sitt arbeid.   • Det er ønskjeleg med kjennskap til bruk av dyr i arbeid med barn og unge.   • God digital kompetanse.   • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.   • Krav om førarkort for personbil. Kven er du: Det er ønskeleg med: • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.  • Kjennskap til Barns rettar i institusjon etter barnevernslova.   • Kjennskap til Bufetat sitt arbeid med tryggleik og sikkerheit.   • Kjennskap til traumebevisst omsorg.  Vi søker deg som: • Har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere fysisk og psykiske krevjande.   • Er robust og tåler belastingar over tid, handterer stress godt, står støtt i motstand og avvisning.  • Jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritta utan store endringar.  • Er tydeleg, rolig og trygg i din kommunikasjon og grensesetting.  • Er klok, modig og evnar å håndtere krevjande situasjonar og konfliktar på ein god måte.   • Møter ungom på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape utvikling og endring.   • Tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne følelsar hindrer ungdomens utvikling.   • Forstår og følgjer grunnleggande struktur og metodikk i miljøterapautisk arbeid.   • Er åpen for og kan nyttiggjere deg av opplæring, rettleiing og konstr

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no