Vil du vere med og sikre god fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda? Som fiskehelsebiolog/veterinær i Bremnes Seashore får du ei sentral rolle i oppfølginga av våre settefisk- og postsmoltanlegg, tett på både drift, biologiske resultat og kontinuerleg forbetring. Du blir ein viktig fagressurs i arbeidet med å sikre god fiskevelferd gjennom heile verdikjeda.
Arbeidsoppgåver
• Helseoppfølging på våre tre landanlegg
• Akuttbesøk ved behov
• Vaksinasjonskontrollar
• Helsekontrollar, prøvetaking og utstedelse av helseattestar
• Tilhøyrande rapportskriving
• Rekvirering av legemiddel
• Samhandling med drift, myndigheiter og eksterne samarbeidspartnarar
• Bidra til biosikkerheitsarbeid, intern opplæring og kontinuerleg forbetring
• Deltaking i prosjekt knytt til smoltkvalitet og biologiske prestasjonar
• Fagleg støtte og oppfølging av sjøfasen ved behov (t.d behandlingsoppfølging)
Stilinga vil kunne inngå i vaktordning.
Vi ser etter deg som
• Er veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon
• Har du erfaring frå landbasert oppdrett, herunder settefisk- eller postsmoltproduksjon, tel det særs positivt
• Erfaring frå matfiskproduksjon er også ein fordel
• Evner å uttrykke deg klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg
• Er strukturert og ryddig
• Har sterkt engasjement og evne til å jobbe målretta
• Er ein god lagspelar, samtidig som du evnar å jobbe sjølvstendig
• Har førarkort klasse B og disponerar eigen bil
Vi tilbyr
• Ei variert og sjølvstendig nøkkelrolle i eit sterkt fagmiljø
• Moglegheita til å påverke fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile verdikjeda
• Dyktige kollegaer og gode utviklingsmoglegheiter
• Konkurransedyktige vilkår
• Firmahytte i Røldal, på Voss og Altea
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.
Denne stillingen er ikke lenger ute. Den kan være besatt eller utløpt. Se ledige jobber