Om stillinga
Byrknes barnehage og skule har frå snarast/etter avtale ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande. Stillinga er i utgangspunktet tenkt å vere knytt til arbeidsoppgåver i barnehage, men andre oppgåver ved eininga kan vere aktuelt ved behov (SFO/skule).
Det er knytt bonusordning på kr 50 000 til denne stillinga (i 100% stilling) ved binding i 2 år. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her for å lese meir om barnehagen ved eininga, og her for meir informasjon om skulen/SFO.
Arbeidsoppgåver
• Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd
• Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
• Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
• Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
• Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
• Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
• Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med barna
• Fleksibel og har gode samarbeidsevner
• Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
• Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
• Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
• For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
• Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
• Løn etter tariff
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.