Vi har ledig 1 fast stilling for psykologspesialist ved poliklinikk BUP Volda!
I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Vi ynskjer å kunne tilby ein god balanse med høve til fagleg fordjuping, organisasjonsutvikling og differensierte kliniske arbeidsoppgåver. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.
Frå november 2026 flyttar vi inn i nye lokaler i Volda sentrum.
Arbeidsoppgåver
• Rettleiing av psykologar
• Poliklinisk utgreiing og behandling av born og unge med ulike psykiske lidingar
• Rettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverk
• Deltaking i samarbeidsfora rundt pasientar
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som psykolog
• Fullført spesialitet med fordjuping i barne- og ungdomspsykologi
• Psykologar som har maks 1 år igjen av spesialiseringsløpet kan også søke
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
• Du trivast i rettleiingsrolla
• Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass
• Du arbeider sjølvstendig
• Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og kan jobbe strukturert og målretta
• Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Tilrettelegging for fagleg utvikling
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her.
Kontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5201290142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.