Alle jobber › Kontor og administrasjon › Porsgrunn

Personell- og øvingsmedarbeidar

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap · Porsgrunn, Norway

💰 ca. 480 000–580 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Heltidvia NAVFrist 16.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Telemark sivilforsvarsdistrikt søkjer ein engasjert og utviklingsorientert tenesteplikts- og beredskapsmedarbeidar. Du vil ha ansvar for rekruttering og oppfølging av dei tenestepliktige gjennom sakshandsaming, bruk av interne datasystem og ulike kommunikasjonsformer. Du vil òg ha ei viktig rolle i å utvikle, trene og førebu Sivilforsvaret sitt personell på framtidas utfordringar og kjerneoppdraget vårt: vern av sivilbefolkninga.   Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med ansvar for utdanning, øvingar og beredskap, tett samarbeid med kommunar og andre beredskapsaktørar, og moglegheit til å bidra til eit sterkt regionalt samarbeid på tvers av distriktsgrenser. Du blir ein del av eit fagmiljø som arbeider saman for å sikre at Sivilforsvaret er best mogleg rusta når samfunnet treng oss.   Du skal  • vere kontaktpunkt for dei tenestepliktige i regionen • rekruttere, følgje opp og bidra til vidareutvikling av tenestepliktige i Sivilforsvaret • planleggje, gjennomføre og evaluere øvingar for distriktet og regionen sine tenestepliktige og befal • byggje og vidareutvikle samarbeidet med andre aktørar innan totalforsvaret og samfunnstryggleik • inngå i stab ved øvingar og hendingar • delta ved behov i Sivilforsvaret sine nasjonale oppgåver Kvalifikasjonar   Du må ha:• bachelorgrad. Årsstudium frå høgskule, universitet eller fagskule, eller fagbrev kombinert med relevant erfaring, kan kompensere for manglande bachelorgrad. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse • erfaring med forvaltning og sakshandsaming • erfaring med opplæring og rettleiing • førarkort klasse B • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. • desse personlege eigenskapane:• du er ein lagspelar som samarbeider godt og bidreg positivt til felles mål • du er strukturert, planmessig og kan arbeide sjølvstendig • du har god gjennomføringsevne og evnar å omsetje planar til resultat • du har gode pedagogiske ferdigheiter og kan tilpasse opplæringa til ulike målgrupper Det er ønskjeleg at du har:• kjennskap til forvaltningslova, offentleglova og grunnleggjande forståing for offentleg forvaltning • erfaring med planlegging og gjennomføring av øvingar, inkludert øvingar med eksterne aktørar • god kjennskap til totalforsvaret og aktørane • instruktør- eller rettleiarkompetanse • utdanning innan samfunnstryggleik og beredskap.   Vilkår Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årsløn frå kr 620 000 til 670 000.     Tryggleiksklarering: Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast til nivå HEMMELEG før tiltreding. Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagd Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), leia av sjef Sivilforsvaret. I fredstid består Sivilforsvaret av 8000 tenestepliktige mannskap fordelte på 20 distrikt, kvart leia av ein distriktssjef. Det sentrale nivået er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga, som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret har som hovudoppdrag å beskytte befolkninga i krise og krig. I fredstid skal Sivilforsvaret bidra til god beredskap i heile landet og vere ein forsterkingsressurs for nødetatar og andre myndigheiter. Sivilforsvaret har lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar med tenestepliktige mannskap og befal. Totalt er det ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag over heile landet. Sivilforsvaret bidrar også internasjonalt.  Telemark sivilforsvarsdistrikt har 7 tilsette og held til i Porsgrunn. Vi har eit utstrakt samarbeid både med nødetatane (politi, brann og helse), statsforvaltaren, kommunane, frivillige organisasjonar, Forsvaret og andre aktuelle aktørar. Distriktet har 462 tenestepliktige fordelte på 13 operative avdelingar med mannskap og befal. Dei tenestepliktige skal gjennom årlege øvingar og kurs sørge for at Sivilforsvaret er i stand til å løyse oppgåvene sine. Stillinga inngår i ein felles regional stab og inneber tett samarbeid med andre stabsfunksjonar. Telemark sivilforsvarsdistrikt samarbeider tett med Vestfold sivilforsvarsdistrikt om kompetanseutvikling, øvingsverksemd og oppgåveløysing. Dette gir stillinga eit regionalt fokus, der samarbeid på tvers av distrikta er ein viktig del av arbeidskvardagen. Du vil vere del av eit team som løyser oppgåver for begge distrikta. Difor må du trivast med å byggje relasjonar, dele kompetanse og bidra til felles løysingar til beste for regionen som heilskap. Vidare blir det venta at du bidreg ved interne og eksterne arrangement, held foredrag og opplæring, og representerer Sivilforsvaret i relevante samarbeidsforum, beredskapsråd og møteplassar med kommunar, naudetatar, Statsforvaltaren og andre beredskapsaktørar.   Stillinga byr på ein variert arbeidskvardag med både administrative og operative oppgåver. Den som blir tilsett må vere fleksibel når det gjeld oppgåver og arbeidsområde, og trivast med å arbeide både på kontoret og ute i felt. For å kunne bidra til oppdragsløysinga i Sivilforsvaret er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon. For meir informasjon om Sivilforsvaret, sjå www.sivilforsvaret.no Om DSB Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Om å jobbe i DSB Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å l

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no