Vi søkjer ein danselærar som brenn for å undervise barn og unge i dans!
Vi har ledig ei fast stilling på 19,4 %. Undervisninga går føre seg i Kviteseidhallen og er i hovudsak knytt til SFO-tid og tidleg ettermiddag. Ønskt undervisningsdag er tysdagar i tidsrommet kl. 14.00–17.00, men andre dagar og tidspunkt kan vere aktuelle. Vi ønskjer særleg kompetanse innan moderne og urbane dansestilar som Streetdance, Hip-Hop eller Streetfunk.
Stillinga omfattar undervisning av barn og ungdom i alderen 6–16 år. Til no har undervisninga vore organisert i tre grupper: SFO-barn, elevar på 4.–7. trinn og elevar på 8.–10. trinn.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Arbeidsoppgåver
• planleggje, gjennomføre og evaluere danseundervisning for barn og ungdom
• skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
• tilpasseundervisninga til ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå
• arbeide med koreografi og førebuing til framsyningar
• inspirere elevane til skaparglede, sjølvutfalding og meistring gjennom dans
• følgje opp elevane si faglege og personlege utvikling
I tillegg til sjølve undervisninga omfattar stillinga førebuingstid, personalmøte, oppfølging av elevar og elevlister, kontakt med føresette, samt deltaking og arrangementsansvar ved framsyningar og andre arrangement.
Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning innan dans eller relevant realkompetanse
• Pedagogisk utdanning eller annan relevant realkompetanse
• Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
• har engasjement for og interesse av å undervise i dans på alle nivå i eit trygt og motiverande læringsmiljø
• er påliteleg og har evne til å planleggje og informere i god tid
• har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement
• ønskjer å bidra positivt i kulturskulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
• kan arbeide sjølvstendig og strukturert
• har evne og vilje til å bruke digitale verktøy i samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
• har undervisningserfaring og gjerne kan vise til referansar
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
• Samarbeid med trivelege og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg praksisfellesskap
• Løn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Martin Krause, Rektor, 9080 4519, martin.krause@kviteseid.kommune.no
Arbeidsstad
Knut Taraldsens veg 8
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5201837521
Stillingsprosent: 19%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.