Alle jobber › Helse › Dalsøyra

Helsefagarbeidar

Gulen kommune · Dalsøyra, Norway

💰 ca. 520 000–590 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Deltidvia NAVFrist 9.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Om stillingane  Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:  • I inntil 50% vikariat som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.  • I inntil 33% fast stilling som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter.  Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.  Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.  Me tilbyr • Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt  • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling  Arbeidsoppgåver  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane • Andre oppgåver som måtte kome til I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg Kvalifikasjonskrav  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest ved tilsetjing • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk) Personlege eigenskapar  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no