Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for god kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? I så fall oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss.
Ved Avdeling for patologi har vi no ledig to faste 100% stillingar som LIS i patologi. Tilsetting frå 01.03.2027.
Avdeling for patologi, Helse Møre og Romsdal HF ligg i Noregs vakraste by, Ålesund.
Vi er organisert under klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og røntgen. På avdelinga har vi kun dag-arbeid, ingen turnus. Avdelinga gjer deg gode høve til fagleg utvikling og det blir lagt tilrette for å kunne delta på relevante kurs.LIS med kort tid igjen til spesialisering blir også oppmoda til å søkje.
Arbeidsoppgåver
• Diagnostikk av biopsiar, operasjonspreparat og cytologiske prøver
• Obduksjon
• Avdelinga er godkjent for LIS-utdanning i patologi. Nokre av læringsmåla må utførast ved eit universitetssjukehus
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som lege
• Godkjent del 1 av spesialutdanninga, LIS1 eller turnusteneste etter gammal ordning
• Meistre norsk, svensk eller dansk godt, både munnleg og skriftleg.
• Fagleg interesse og kompetanse innan patologi vert vektlagt
Personlege eigenskapar
• Du er ein LIS som er motivert for å bidra til utvikling av fagmiljøet i Møre og Romsdal, og som ønskjer å vere med på å skape ei framifrå helseteneste for pasientane våre.
• Du har gode samarbeidsevne
• Du har evne til å arbeide sjølvstendig
• Du har stor arbeidskapasitet
• Du trivast i eit aktivt og tverrfagleg miljø
• Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
• Personlege eigenskapar vil verte vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, +47 70 10 66 37, hilde.guttormsen@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5197085409
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.