Alle jobber › Helse › Kleppe

Vikar - Klepp barnevernsteneste

Oppvekstsjef, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge · Kleppe, Norway

💰 ca. 520 000–680 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Kontraktvia NAVFrist 8.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Klepp barnevernteneste søker to engasjerte vikarar i 100 % stilling til arbeid med undersøkingar og oppfølging av familiar. Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du arbeider tett saman med barn, unge og foreldre for å skape positive endringar. Du blir del av eit arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte kollegaer som er opptekne av å gi gode tenester til barn og familiar. Barneverntenesta er inne i ei spennande utvikling, der vi arbeider med å styrkje kvalitet, fagleg samarbeid og gode arbeidsprosessar. Som medarbeidar hos oss får du moglegheit til å bidra aktivt til utviklinga av tenesta og vere med på å forme vegen vidare. Arbeidsoppgåver • Saksbehandling knytt til undersøking og oppfølging etter barnevernslova • Samtalar med barn, unge og foreldre • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Kartlegging, vurdering og oppfølging av hjelpetiltak • Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i tenesta Vi arbeider for ein kultur der ingen står aleine i krevjande saker, og der samarbeid, støtte og deling av kompetanse er ein naturleg del av kvardagen. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som: • Brenn for å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar • Har bachelor i barnevern, sosialt arbeid eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning • Er student på siste studieår og klar for å ta med deg fagleg engasjement inn i arbeidslivet • Kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjonar • Har erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, eller eit sterkt engasjement for feltet • God norskkunnskaper munnleg og skriftleg • Har førarkort klasse B Personlege eigenskapar For å trivast hos oss trur vi at du: • Har engasjement for barn, unge og familiar • Skaper tillit og gode relasjonar • Er nysgjerrig, reflektert og fagleg interessert • Tek ansvar og viser initiativ • Handterer ein variert arbeidskvardag med både fleksibilitet og struktur • Ser verdien av samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Ønskjer å vere med på å vidareutvikle tenesta våre • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. For stillingen kreves det uttømmende og utvidet politiattest i henhold til barnevernsloven. Vi tilbyr • Ei meiningsfull og variert stilling med moglegheit til å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og hjelpsame kollegaer • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Moglegheit til å påverke og bidra i vidareutviklinga av tenesta • Rettleiing, samarbeid og erfaringsdeling i det daglege arbeidet • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk Kontaktinformasjon Jette Frafjord Østrått, Leder for klepp tverrfaglige team, +47 90523005 Arbeidsstad Olav Hålands Veg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5199495697 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 09.11.2026

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no