Alle jobber › Undervisning › Erfjord

Pedagogisk leiar - 100% fast stilling

Suldal kommune Stølane barnehage · Erfjord, Norway

💰 ca. 560 000–640 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Heltidvia NAVFrist 3.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar,  - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar. Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.    Stølane barnehage ligg i Erfjord, i Stølane byggefelt. Me er 44 barn og 16 tilsette fordelt på 3 avdelingar. Me har flott natur i nærområdet, med sjø og skog som me nyttar oss av i kvardagen.  Me er opptekne av å skapa gode fellesskap, finna ro i kvardagen, språk og lesing, ta vare på naturen rundt oss og sunn  og god mat som gjer kroppen godt.     Me jobbar saman mot målet:  «Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»   Om stillinga: • Stillingsstorleik: 100% • Stillingtype: Fast • Stilling ledig frå: 01.01.2027 Arbeidsoppgåver: • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar. • Møtedeltaking. • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt. • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga. • Samarbeid med ulike instansar. • Ansvar for vurdering og dokumentering. Er du klar?  Me treng deg!  Kven ser me etter?  • Du har godkjent barnehagelærarutdanning.  • Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna.  • Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.  • Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.  • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.  • Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø.  Kraftlaget – kva får du hos oss?  Arbeidsmiljø  Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.  Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.  Fleksibilitet og kvardagsliv  Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.  • Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner  • Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner  • Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner  • Utviklingsmoglegheiter  Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.  Bu i Suldal  Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.    Hjå oss i Suldal kommune får du:  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  • Engasjerte og dyktige kollegaer  • Bedriftshelseteneste  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff  • Nynorsk som administrasjonsspråk  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette  Andre opplysningar:  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste  Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no