Alle jobber › Bygg og håndverk › Bjordal

Arbeide med topp moderne teknisk utstyr omgitt av Noregs vakraste natur?

OSLAND SETTEFISK AS · Bjordal, Norway

💰 ca. 500 000–610 000 kr/år (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Heltidvia NAVFrist 8.11.2026

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finner du ei topp moderne og lokaleigd bedrift, Osland  Settfisk.    Vi søkjer nå ein teknikar i ei nyoppretta stilling.   Som teknikar er du med i gjengen (fagbrev innan biologi, elektro, automatikk) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk. Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen. Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen. Arbeidsoppgåvene vil vere • Drift og oppfølgjing av RAS anlegg • Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr • Teknisk tilsyn • Journalføring og rapportering • Delta i utbyggingsprosjekt   Vår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggjar) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing. Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje. Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper). Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg. Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling.   Osland Settefisk tilbyr • Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø • Moderne anlegg og utstyr • Utfordrande arbeidsoppgåver • Gode faglege utviklingsmoglegheiter • Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar • Ein jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og fakturering • Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad   Gode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø.

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no