Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Molde?
• Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
• Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
• Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
• Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
• Vi søker engasjert tannlege som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.
Vi har ledig vikariat ut 2027 i 100% stilling som tannlege ved Molde kompetanseklinikk.
Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO.
Les meir om Molde her: Visit Molde
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som tannlege
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
• Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
• Nyutdanna blir også oppmoda til å søke – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
• kjenner stoltheit for tannhelsefaget
• trivst med å jobbe med og for menneske
• jobbar effektivt og sjølvstendig
• har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
• ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Ein god jobb der du kan utvikle deg
• Lønn etter avtale
• Ny og moderne tannklinikk
• Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk
• Trivelege medarbeidarar og godt miljø
• Introduksjonsprogram
• Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
• Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614
Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190
Arbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5199739747
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 20.11.2026
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.