Alle jobber › Helse › Fosnavåg

Tilkallingsvikar miljøarbeid

Herøy kommune, Kvalifiseringssenter · Fosnavåg, Norway

💰 ca. 180–230 kr/time (estimat · vanlig lønn, ikke bekreftet)Deltidvia NAVFrist 30.1.2027

Søk på stillingenÅpne i Havn (lagre, sammenlign, KI-hjelp)

Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette.  Vi treng å ha nokon vi kan ringe til ved sjukdom og behov for ekstraarbeid. Du må vere fleksibel nok til å kunne jobbe både dag, kveld og helg. Søknadsfrist er snarast, vi kontaktar aktuelle vikarar fortløpande.  Arbeidsoppgåver • oppfølging av flyktningar, hovudsakleg ungdom • besøk • aktivitetar • tilsyn Kvalifikasjonar • gjerne student innan sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning.  • interesse for, og gjerne erfaring frå å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn Personlege eigenskapar • verdisyn, interesse og engasjement for å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn • ønskje om å inspirere og motivere menneske i utfordrande livssituasjonar • fleksibel og motivert for varierte arbeidsoppgåver, har god formidlingsevne og tydeleg kommunikasjon • god på samarbeid i team og tverrfagleg samhandling • evne og vilje til målretta og sjølvstendig arbeid Vi tilbyr • eit aktivt, mangfaldig og sosialt arbeidsmiljø • fagleg utvikling, deling og læring i eit kompetanserikt fellesskap  • heilskapleg tenkjing  med undervisning, karriere, arbeidsliv og livsmeistring • personleg rettleiing og samhandling • god pensjonsordning og fritidsforsikring gjennom KLP • IA-bedrift   Kontaktinformasjon Camilla Storøy, Avdelingsleiar kvalifiseringssenteret, +47 41424728 Arbeidsstad Lisjebøvegen 23 6091 Fosnavåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5199696721 Stillingsprosent: 0% Vikar

Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.

Annonsen kommer fra NAVs offentlige stillingsdatabase. Se original annonse på arbeidsplassen.no