Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
• Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
• Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
• Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
• Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær ved Molde kompetanseklinikk med moglegheit for utvida administrativ funksjon.
Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO.
Stillinga omfattar i hovudsak ordinære kliniske oppgåver som tannhelsesekretær. Det kan òg vere aktuelt å kombinere dette med funksjon som overtannlegesekretær i delar av stillinga. I denne rolla vil du utføre støtte- og koordineringsoppgåver på vegner av overtannlegen, og bidra til god drift, samarbeid mellom klinikkane og administrativ støtte til leiarane i kompetanseregionen. Denne administrative funksjonen føreset autorisasjon som tannhelsesekretær.
Arbeidsoppgåver
Kliniske oppgåver
• Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.
• Varierte kliniske arbeidsoppgåver, med pasientar i alle aldersgrupper.
• Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern.
• Administrative oppgåver knytt til timebestilling, journalsystem og pasientkontakt.
Administrative oppgåver ved eventuell overtannlegesekretærfunksjon
• Personaladministrative oppgåver som oppfølging av permisjonar, ferie og fråvær.
• Oppfølging av tidregistrering og fråværsregistrering.
• Bidra til implementering og oppfølging av rutinar, retningslinjer og arbeidsprosessar ved klinikkane.
• Bidra til planlegging og koordinering av møte, samlingar, kurs og andre regionale aktivitetar.
• Innhenting, samanstilling og oppfølging av statistikk, rapportering og annan administrativ dokumentasjon.
• Eventuelt andre administrative og organisatoriske oppgåver etter nærare avtale med overtannlegen.
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Overtannlegesekretærfunksjonen er forbeholdt autoriserte tannhelsesekretærar.
• Søkarar utan autorisasjon kan bli vurderte for tilsetting i stilling som assistent dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon.
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
• God digital kompetanse og erfaring med administrative system.
• Erfaring med administrative oppgåver vil vere ein fordel.
• Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasienttryggleik.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
• kjenner stoltheit for tannhelsefaget
• er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
• trivst med både kliniske og administrative arbeidsoppgåver
• har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• er serviceinnstilt og løysingsorientert
• tek ansvar og bidreg til god samhandling på tvers av klinikkar og fagmiljø
• ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
• Ei spennande og variert stilling med moglegheit for kombinasjon av kliniske og administrative arbeidsoppgåver.
• Moglegheit for funksjon som overtannlegesekretær med ei sentral rolle i utvikling og drift av tannhelsetenesta i regionen. Det inneber eit eige funksjonstillegg på lønn så lenge funksjonen blir utøvd.
• Lønn etter tariffavtale
• Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk.
• Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
• Introduksjonsprogram for nye medarbeidarar.
• Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
• Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614
Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190
Arbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5195671742
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2026
Lønnen er ikke oppgitt i annonsen. Estimatet viser vanlig lønn for lignende jobber i samme land eller region, og er ikke et tilbud fra arbeidsgiveren.